mini|Nasesmykke med edderkoppar frå mochekulturen. Edderkoppar i kulturen viser til ei rekkje måtar edderkoppar og spindelvev er blitt skildra og handsama innan folkekultur, mytologi og symbolisme gjennom historia. Frå gresk mytologi til afrikansk folklore har edderkoppar vore nytta til å representera fleire ulike ting, og held fram til i moderne litteratur og populærkultur, med figurar som Shelob frå The Lord of the Rings og Spider-Man frå teikneseriar og filmar med same namn.
mini|Η αράχνη (I arákhni, 'Edderkoppen', 1884) av Nikolaos Gyzis.
Edderkoppar har vore fokus for frykt, soger og mytologiar i ulike kulturar i hundrevis av år. Dei kan vera eit symbol på ugagn og vondskap, knytt til gifta og den sakte døden ho kan gje, noko som ofte blir sett på som ei forbanning. Edderkoppen har også symbolisert tolmod og uthald på grunn av jaktteknikken sin der han lagar nett og ventar på at byttet skal bli fanga. Mange kulturar legg også vekt på evna hans til å laga nett, og knyter han til spinning, veving, korgmaking, knutearbeid og nettmaking. Dyra kan knytast til skapingsmytar fordi dei kan laga sine eigne verder i form av vevane sine. Filosofar har ofte nytta spindelvev som ein metafor eller analogi, og moderne omgrep som «Internett» eller «Verdsveven» er avleidde av spindelvev.
Mange gudinner knytte til edderkoppar og andre kvinnelege avbildingar speglar dominansen til hodyr i paringa deira.Andrade, Maydianne C. B. Behavioral Ecology (2003), 14:531–538
I folklore og mytologi Edderkoppen og veven hans opptrer sett i mytologiske soger, kosmologi, kunstnariske åndelege avbildingar og i munnlege tradisjonar over heile verda frå gammalt av. Han var synkretisk knytt til gudinna Neith i det gamle Egypt gjennom aspektet sitt som spinnar og vevar av skjebnar. Denne tilknytinga heldt seinare fram gjennom den babyloniske Ishtar og den greske Arakne, som seinare vart blei med den romerske gudinna Minerva.
Midtausten Uttu, den sumeriske gudinna for veving, blei tenkt på som ein edderkopp som spann nettet sitt. Ifølgje soga om Enki og Ninsikila var ho dotter av vassguden Enki. Etter å ha blitt åtvara av kona til Enki, Ninhursag, om at han ville freista å forføra henne, gøymde Uttu seg i nettet sitt, men gjekk med på å la Enki koma inn etter at han lova å gifta seg med henne og gje henne ferske matvarer som bryllaupsgåve. Etter at Uttu hadde gjeve henne frukt, gjorde Enki henne full med øl og valdtok henne. Ninhursag høyrde skrika til Uttu og redda henne, tok ut sæden til Enki frå skjeden hennar og planta han i jorda slik at det voks åtte nye plantar som ikkje hadde eksistert før.
Ein islamsk munnleg tradisjon fortel at under hidjra, reisa frå Mekka til Medina, var Muhammed og følgjesveinen hans Abu Bakr forfølgde av quraisj-soldatar, og dei bestemte seg for å søka tilflukt i Thawr-grotta. Ifølgje forteljinga gav Allah ordre til ein edderkopp om å laga eit nett over inngangen til grotta. Då dei såg spindelvevet drog quraysj-folka forbi grotta, sidan dei var sikre på at Muhammed måtte ha brote sund nettet om han hadde gått inn i grotta. Etter den tid har det oppstått mange muslimske tradisjonar om edderkoppar, om dei ikkje er heilage, i det minste skal respekterast.
Det gamle Hellas og Roma mini|Metamorfosen til Arakne i ein illustrasjon frå 1300-talet. Ei kjend legende frå den vestlege kanonen forklarar at opphavet til edderkoppen kjem frå den greske soga om ei tevling i veving mellom gudinna Atene og Arakhne, som av og til blir omtalt som ei prinsesse. Denne historia kan ha opphav i lydisk mytologi; men myten, som blir kort omtalt av Vergil i 29 f.Kr., er kjend frå den seinare greske mytologien etter at Ovid skreiv diktet Metamorphoses mellom år 2 og 8.Ovid Metamorphoses (vi.5–54 and 129-145), also mentioned in Virgil's Georgics, iv, 246. Gammalgresk arachne (αράχνη) tyder ‘edderkopp’, og er opphavet til Arachnida, namnet på klassen edderkoppdyr i taksonomien.
Myten fortel om Arakhne, dottera til ein kjend purpurfargar i Hypaepa i Lydia. På grunn av faren sin evne til å farga ulltøy, blei Arakhne dyktig innan vevekunst. Til slutt byrja ho å sjå seg sjølv som ein betre vevar enn gudinna Atene sjølv, og utfordra gudinna til ein vevekonkurranse for å visa at ho var overlegen. Atene vov ein scene som viste sigeren hennar over Poseidon som hadde gjort henne til verneguden til Aten, medan Arakhne vov eit biletteppe med mange episodar av utruskap blant dei olympiske gudane, noko som gjorde Atene sint. Gudinna innrømde at vevnaden til Arakhne var feilfri, men ho var rasande over slik stoltheit hjå ein dødeleg person. I sinne øydela ho vevnaden og vevstolen til Arakhne, og forbanna henne Arakhne til å leva med ekstrem skuldkjensle. Av sorg hang Arakhne seg. Då fekk Atene medkjensle for henne, og henta henne til live att, forvandla til ein edderkopp. Sidan den tida har edderkoppen Arakhne vove nettet sitt.
Forskaren Robert Graves føreslo at historia til Ovid kan ha røter i den kommersielle kivinga mellom dei atenske borgarane i Hellas og folk frå Milet i Vesleasia, som hadde ei blømingstid rundt 2000 f.Kr. I Milet kan edderkoppen ha vore ein viktig figur; det er funne segl med edderkoppemblem der.
Afrika mini|Asase Yaa, mother of Anansi the trickster. Framstilling av Yonga Arts. I afrikansk mytologi er edderkoppen personifisert som ein trickster-figur i tradisjonell folklore. Den mest populære versjonen av den vestafrikanske edderkopp-tricksteren er Kwaku Ananse frå ashantikulturen, anglisert som Anansi eller Aunt Nancy (ev. Sister Nancy) i Karibia og nokre andre delar av Amerika, for å nemna nokre av mange inkarnasjonar. Historier om Ananse blei ein så framståande og kjend del av den munnlege ashantikulturen at ordet anansesem – ‘edderkoppsoge’ – kom til å omfatta alle slags fablar. Dette leidde til Anansi toree eller ‘edderkoppsoge’; historier som blei førte ut frå Afrika og fortelje til born av maroonar og andre afrikanarar i diasporaen. Desse forteljingane er allegoriske soger som ofte òg har ein moral å læra frå seg. Maj. A.J.N. Tremearne har påpeikt at hausafolk òg ser på edderkoppen med høg respekt som den mest listige av alle dyr og kongen av alle soger, og til og med har liknande narrative teknikkar til akan- og ashantifolk som blir tilskrivne edderkoppen, kalla GizzoTremearne, A. J. N. (Arthur John Newman). Hausa Superstitions And Customs: an Introduction to the Folk-lore And the Folk. London: J. Bale, sons & Danielsson, ltd., 1913. p. 31-32. eller Gizo på hausa. Forfattaren Neil Gaiman har òg popularisert edderkoppguden Anansi i boka Anansi Boys, der hovudpersonen lærer at lureguden var far hans.
Amerika
Mange nordamerikanske kulturar har tradisjonar som skildrar edderkoppar. Munnleg tradisjonen frå lakotafolk omfattar òg ein edderkopp-trickster som er kjend under fleire namn. I soga om «The ‘Wasna’ (Pemmican) Man and the Unktomi (Spider)» møter ein mann ein svolten edderkoppfamilien, og helten Stone Boy blir lurt ut av dei fine kleda sine av Unktomi, ein trickster-edderkopp. I nokre amerikanske urfolksmytar er edderkoppen òg del av soga om opphavet til stjernebildet Storebjørn. Stjernebildet blei sett på som sju menn som blei omdanna til stjerner og steig opp til himmelen ved å rulla opp eit spindelvev. Hopiar har ein skapingsmyte om «Edderkoppbesta». I denne historia tenkte Edderkoppbesta verda fram til å vera gjennom å veva vevnaden sin slik at ho blei til. Edderkoppbesta spelar òg ei viktig rolle i skapingsmytologien til navahofolk, og det finst historier om edderkoppkvinna som ein mektig hjelpar og lærar i folkeminnet til mange sørvestlege urfolkskulturar. I Mesoamerika kan den store gudinna av Teotihuacan representera ein liknande figur.
mini|Nazcalinje-edderkopp. Mochefolket i Sør-Amerika i det gamle Peru tilbad naturen; dei la vekt på dyr og skildra ofte edderkopar i kunsten sin. Folket i Nazcakulturen skapte utstrekte geoglyfar, mellom anna ei stor avbilding av ein edderkopp på Nazca-sletta i Sør-Peru. Formålet eller tydinga til dei såkalla «Nazcalinjene» er framleis uklart. Det er funne eit tempel til ein edderkoppgud frå Cupisnique-kulturen i Lambayeque-regionen i Peru. Dette er ein del av templekomplekset Ventarron, og er kjent som Collud. Cupisnique-edderkoppguden var knytt til jaktnettet, tekstilar, krig og makt. Eit av bilda her viser edderkoppgudar med nett fylte med avkappa menneskehovud.
Oseania Edderkoppar er avbilda i australsk aboriginarkunst, i berg- og borkmåleri, og for klan-totem. Edderkoppar i netta sine er knytte til ein heilag stein i sentrale Arnhem Land på området til Burnungku-eigedommen til rembarrnga/kyne-folket. Totemdesignet deira er knytt til ein stor regional seremoni som dannar samband med naboklanane som òg har edderkopptotem i rituala sine.
Edderkoppen Nareau skapte universet ifølgje den tradisjonelle kosmologien til folk frå Kiribati-øyane i Tungaru-arkipelaget (Gilbertøyane). På liknande vis spelar Areop-Enap (‘Den gamle edderkoppen’) ei viktig rolle i den tradisjonelle skapingsmyten til folk frå Nauru-øyane i Mikronesia.
Asia mini|Raiko plaga av ein tsuchigumo. mini|Edderkoppprinsessa syner seg. Tsuchigumo avbilda av Yoshitoshi i 1887. Tsuchigumo (kan omsetjast til ‘jordedderkoppar’) frå Japan er ein mytisk, overnaturleg skapning som den legendariske Minamoto no Raiko må møta. Avhengig av versjonen av historia, kunne ein tsuchigumo ha ansiktet til ein gut eller ei kvinne. I ein versjon blir Raiko, som er på leit etter ein mytisk gigantisk skalle, lokka til eit ruinhus med ein illusjon av ein flytande skalle. Raiko og følgjesveinen hans Watanabe no Tsuna drep tsuchigumoen i slutten av historia, og slepp ut edderkoppar store som barn frå buken hans.
Ein annan japansk mytologisk edderkoppfigur er jorōgumo, som blir sagt å kunna forvandla seg til ei forførande kvinne. I nokre tilfelle prøver ein jorōgumo å lokka til seg ein forbifarande samurai eller hogstmann. I andre tilfelle blir ho tilbeden som ei gudinne som kan verna mot vassbaserte naturkatastrofar. Det er jorōgumo-soger knytte til Jōren-fossen og til Kashikobuchi i Sendai. Namnet kan òg visa til ein særskild edderkoppart, Trichonephila clavata (Jorō-gumo).
På Filippinane finst det ei visayansk folkesoge om «Edderkoppen og fluga» som forklarar kvifor edderkoppen hatar fluga.
Europa frå mellomalderen mini|Konrad av Konstanz avbilda med altarkalk med edderkopp. Den heilage Konrad av Konstanz frå 900-talet blir av og til framstilt som ein biskop som held ein altarkalk med ein edderkopp på. I soga knytt til denne framstillinga skal ein edderkopp ha falle i kalken medan han feira påskemesse. Conrad ignorerte den vanlege trua på den tida om at alle edderkoppar var giftige, og som eit teikn på trua si drakk han vinen med edderkoppen i.
For kong Robert I av Skottland var edderkoppen eit inspirerande symbol, ifølgje ei legende frå tidleg på 1300-talet. Soga fortel at Robert såg edderkoppen på den tida då han hadde ei rekkje mislukka militære operasjonar mot englendarane. Ein versjon av soga fortel at medan han tok tilflukt i ei grotte på øya Rathlin, såg han ein edderkopp som gong på gong feila i å klatra opp tråden sin til spindelvevet. Men den uthaldande edderkoppen kom seg opp til slutt. Han tok dette som eit symbol på håp og uthald, og kom ut av gøymsle og vann til slutt skotsk sjølvstende.
I polsk folklore og litteratur blir Pan Twardowski, ein trollmann som gjorde ein avtale med djevelen, skildra som å ha rømd frå djevelen som frakta han til helvete, og enda opp med å leva på månen. Den einaste følgjesvenen hans var ein edderkopp, som han av og til let dra ned til jorda på ein tråd for å læra nytt.
Nyare overtru