Eleanor Patterson () er ein australsk friidrettsutøvar som tevlar i høgdehopp. Ho vart i 2022 verdsmeister i øvinga, året etter vann ho sølvmedaljen i verdsmeisterskapen.
Aktiv I 1994 gjekk Patterson til topps i samveldeleikane med eit hopp på 1,94 meter. Året etter enda ho på åttandeplass i verdsmeisterskapen i Beijing, deretter rauk ho ut i kvalifiseringa under sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro. I 2020 sette Patterson australsk rekord med 1,99 meter i eit stemne i New Zealand. Under dei olympiske leikane i Tokyo gav 1,96 meter henne ein femteplass. I mars 2022 tok ho seg over 2,00 meter og vart nummer 2 ved innandørs-VM i Beograd. Fire månadar seinare forbetra ho den australske rekorden til 2,02 meter då ho kneip gullmedaljen ved VM i friidrett 2022 i Eugene, framom Jaroslava Mahutsjikh. Eitt år etter sikra Patterson seg sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Budapest.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Eleanor Patterson» frå , den 11. september 2023.
Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Australia Kategori:Høgdehopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Australia Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023