Kitsissuarsuit (dansk Hunde Ejland, tidlegare òg stava Kitsigsuarssuit) er ei bygd i Qeqertalik kommune, på vestkysten av Grønland. Ho hadde 53 innbyggarar i 2018.Befolkningen i lokaliteterne 1. Januar 1977-2018 , Statistikbanken, Grønlands Statistik.
Namn Det grønlandske namnet Kitsissuarsuit betyr «øygruppe som ligg lengre ute mot det opne havet enn dei andre».«Kitsissuarsuit (Hunde Ejland)», Den grønlandske Havnelods, Geodatastyrelsen. Lest 25. juli 2018. På dansk heiter staden Hunde Ejland.
Geografi Kitsissuarsuit ligg på øya Oqaarsut nordvest for Aasiaat. Avstanden til Aasiaat er 21 km.«Kitsissuarsuit (Hunde Ejland)», Den grønlandske Havnelods, Geodatastyrelsen. Lest 25. juli 2018. Hamna her er isfri frå mai til desember.
Historie Busetnaden blei grunnlagd i 1830. Han hadde då allereie vore brukt av kvalfangarar, fram til 1817, men blitt forlaten.«Kitsissuarsuit (Hunde Ejland)», Den grønlandske Havnelods, Geodatastyrelsen. Lest 25. juli 2018.
I 1987 blei det etablert eit elektrisitetsverk her, og hamneområdet blei bygd ut. Det er òg bygd ein vasstank med avsalta havvatn.
Fram til 2013 fanst det eit fiskemottak her.«Kitsissuarsuit (Hunde Ejland)», Den grønlandske Havnelods, Geodatastyrelsen. Lest 25. juli 2018.
Samfunn Hovudnæringsvegen i Kitsissuarsuit er fiske og fangst. Kitsissuarsuit har ei hamn eigd av dei grønlandske sjølsvstyremaktene.«Kitsissuarsuit (Hunde Ejland)», Den grønlandske Havnelods, Geodatastyrelsen. Lest 25. juli 2018. Staden blir tent av bygdeskipsruta til Royal Arctic Line.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kitsissuarsuit» frå , den 11. september 2023.
Kategori:Busetnader på Grønland Kategori:53°W Kategori:68°N