Varósia (gresk Βαρώσια, tyrkisk Maraş eller Kapalı Maraş) er eit område i den sørlege delen av byen Ammókhostos i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros som omfattar bydelane Ájos Ioánnis, Ájos Nikólaos, Khrysí Aktí og Ájos Mémnon langs kysten sørover frå det historiske senteret i byen, i tillegg til bydelane Ajía Zóni, Stavrós og Akrópolis litt innover i landet.
Frå 1960 til 1974 blei Varósia bygd ut til det som etter kvart blei viktigaste turistområdet på Kypros og ein av dei fremste destinasjonane i Europa. Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har området vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som ein del av kommunen Gazimağusa i distriktet Gazimağusa. Det tidlegare turistområdet har vore ein spøkelsesby under militær kontroll og avstengd frå tilgjenge, men frå 2017 er det delvis opna for tilgang for tyrkarar og tyrkisk-kypriotar.
Ved folketeljinga for Nord-Kypros i 2011 hadde området 226 innbyggjarar.
Referansar
Varosia Varosia Varosia