Phyllis Chanez Francis () er ein USA-amerikansk tidlegare sprintar som i 2017 vart verdsmeister på 400 meter. Ho har elles vunne OL-gull og to VM-gull i 4 x 400 meter stafett.
Aktiv Francis deltok i VM i friidrett 2015 og vart nummer sju på 400 meter. Året etter kom på ho på femteplass på 400 m under sommarleikane i Rio de Janeiro, før ho var med å vinne gullmedaljen i 4 x 400 meter stafett. Noko overraskande sigra ho på 400-meteren i verdsmeisterskapen i London, der ho sette personleg rekord på 49,92 sekund. Fire dagar seinare fekk ho æra av å springe USA inn til ein suveren siger i den lange stafetten. Francis presterte livsbeste 49,61 sekund i VM-finalen 2019, men vart ikkje betre enn nummer 5 i løpet. Deretter tok ho seg av startetappen då USA enno ein gong tok VM-gull i 4 x 400 m stafett. Ho la opp i 2022.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2015 i Beijing: Nr 7 på 400 m – 50,51 OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje i 4 x 400 m stafett, nr 5 på 400 m – 50,41 VM 2017 i London: Gullmedalje på 400 m og 4 x 400 m stafett VM 2019 i Doha: Gullmedalje i 4 x 400 m stafett, nr 5 på 400 m – 49,61
Kjelder
World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Phyllis Francis» frå , den 22. september 2023.
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019