Joint Expeditionary Force (JEF) er ein multinasjonal reaksjonsstyrke leia av Storbritannia, med element frå Royal Navy, Royal Marines, British Army og Royal Air Force, og dessutan bidrag frå dei andre medlemslanda.
JEF består av ti medlemsland: Storbritannia, Danmark, Finland, Estland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Noreg og Sverige.
Føremål JEF vart oppretta i 2014, og skal snøgt kunna setjast inn i tilfelle ei krise oppstår. Føremålet med JEF-samarbeidet er å styrkja tryggleiken til medlemslanda. Innbyrdes støtte og samarbeid mellom medlemslanda står i fokus, dette inneber «å opprettholde beredskap, utveksle informasjon og herunder identifisere og forstå potensielle trusler.» Såleis utfyller og styrkjer JEF-samarbeidet NATO sin posisjon i Nord-Europa.
Sjå òg Allied Rapid Reaction Corps
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Joint Expeditionary Force» frå , den 13. oktober 2023.
Kategori:Det britiske forsvaret