Slettvar eller glattvar (Scophthalmus rhombus) er ein flyndrefisk i varfamilien.

mini|venstre|Slettvar i sanden. Fisken blir opptil 75 cm lang og 8 kg. Han liknar på piggvar, men er smalare, og skinnet på den farga sida (oversida) er glatt. Oversida er gråspragla, medan blindsida som oftast er kvit. Som andre medlemmer i varfamilien er flyndra nesten alltid venstrevridd. Slettvaren lever på 5–70 meters djup. Han lever som oftast på sandbotn, og føda består av krepsdyr og ulike fiskeslag som brisling, hvitting, hyse, sil, sild og augepål. Slettvaren er rekna som ein utmerka matfisk, men er ikkje like ettertrakta som piggvaren. I Noreg blir det ikkje drive regulært fiske etter arten, men ein del blir tatt som bifangst.

venstre|mini|Undersida av ein slettvar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Slettvar» frå , den 27. oktober 2023.

Bakgrunnsstoff

Litteratur

Kategori:Flyndrefisk Kategori:Fisk i Middelhavet Kategori:Fisk i Noreg