Vanessa Ferrari () er ein italiensk tidlegare turnar. Ho vart i 2006 verdsmeister og 2007 europameister i mangekamp i 2006. I tida 2006 til 2021 sanka Ferrari fem VM-medaljar, åtte EM-medaljar og ein OL-medalje.

Våren 2006 deltok Ferrari i alle fire øvingane då Italia vann lagtevlinga ved europameisterskapen i greske Vólos. Eit halvt år seinare gjekk ho til topps i mangekampen i Turn-VM 2006 i Århus. Under Turn-EM 2007 i Amsterdam vann ho mangekampen og frittståande. Sidan vann ho medalje i verdsmeisterskapane 2007 og 2013, samt europameisterskapane 2009, 2012, 2014 og 2021. I Sofia-EM 2014 vann ho gullmedaljen i spesialøvinga frittståande. Hennar einaste olympiske medalje, ein sølvmedalje i frittståande, kom i Tokyo i 2021. Åtte av hennar ni medaljar frå apparat-finalar kom i frittstånde, den niande, ein VM-bronse, kom i bom-øvinga.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vanessa Ferrari» frå , den 17. november 2023.

Kategori:Italienske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2008 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2012 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2020