miniatyr|Iktomi lagar mat. Illustrasjon av Gertrude Spaller frå 1917. Iktomi er ein edderkopp-trickster hjå dei nordamerikanska siouxfolka i Dakota-territoriet.Zitkala-Ša (2004). Iktomi and the Ducks and Other Sioux Stories. Bison Books. . Han kan opptre både som edderkopp og som ein mann med edderkopptrekk.

Iktomi har ein dobbel natur som både latterleg narr og kulturhelt. På den eine sida lurte han gjerne menneske han var nær, på den andre sida hadde han også skaparkrafta til edderkoppen. I lakotafolket si skapingsmyte var det Iktomi som sørgde for å folkesetja verda med menneske. Han var den som fann opp språket og som gav namn til alle dyra.

Iktomi opptrer ofte i lag med coyoten, og i mange forteljingar byttar dei på å narra kvarandre.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Iktomi» frå , den 2. desember 2023.

Kategori:Mytologiske edderkoppar Kategori:Sioux-kultur