Isjenbaj Dujsjonbajevitsj Kadyrbekov () er ein kirgisisk politikar som var formann i nasjonalforsamlinga i Kirgisistan og fungerande president frå 24. til 25. mars 2005. Kadyrbekov er partipolitisk uavhengig.
Våren 2005 kom det til store demonstrasjonar i Kirgisistan og hovudstaden Bisjkek mot regjeringa og president Askar Akajev spesielt. Bakgrunnen var misnøye med eit styre som med åra var blitt meir og meir autoritært og korrupt. Den 24. mars storma demonstrantar presidentpalasset i det som blei kalla Tulipanrevolusjonen, og tvinga presidenten til å trekkje seg. Akajev rømde til Moskva, og Kadyrbekov blei mellombels innsett som fungerande president i eigenskap av stillinga si. Dagen etter, 25. mars, blei den tidlegare statsministeren Kurmanbek Bakijev innsett som fungerande president fram til ein kunne gjennomføra nytt presidentval.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Isjenbaj Kadyrbekov» frå , den 23. februar 2024.
Kategori:Kirgisiske politikarar Kategori:Kirgisiske presidentar