Michaja Nicolaï (), kjend under artistnamnet Mia Nicolai, er ein nederlandsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med artisten Dion Cooper og låten «Burning Daylight».

Bakgrunn Nicolaï blei fødd i Amsterdam 7. mars 1996, som andre dotter av juristen og Partij voor de Dieren-politikar Peter Nicolaï, og den russisk-fødde musikaren og komponisten Marynka Nicolaï-Krylova. Ho tok drama- og ballettimar frå ho var tre år. Dette fekk ho interessert i musikk, og ho lærte seinare å spele piano og fiolin.

I 2018 gav Nicolaï ut sin fyrste singel, ein coverversjon av «At Last» av amerikanske Glenn Miller. I 2020 følgde ho opp med singlane «Set Me Free» og «Mutual Needs». I april 2021 slapp ho låten «People Pleaser». I eit intervju med det amerikanske motemagasinet Flaunt fortalde ho at songen handla om å vere tru mot seg sjølv. Seinare same år gav ho ut låten «Dream Go».

2023: Eurovision Song Contest Den 1. november 2022 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Nicolaï skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med Dion Cooper. Nicolaï og Cooper blei etablert som duo i 2020, gjennom 2019-vinnaren Duncan Laurence og partnaren hans Jordan Garfield. Duoen blei slegen ut i semifinalen tysdag 9. mai 2023.

Privatliv Nicolaï har budd i London, Melbourne og New York, før ho slo seg ned i Los Angeles i 2022. Ho har David Bowie som eit av sine største musikalske førebilete.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Mia Nicolai» frå , den 1. mars 2024.

Kategori:Nederlandske songarar Kategori:Nederlandske låtskrivarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar