Atatürkdemningen, opphavleg kalla Karababademningen, er ein steinfyllingsdemning for flaumkontroll og irrigasjon i Tyrkia. Han er laga til på elva Eufrat på grensa mellom provinsane Adıyaman og Şanlıurfa søraust i Anatolia, og har namn etter Mustafa Kemal Atatürk, grunnleggjaren av den tyrkiske republikken. Bygginga gjekk føre seg frå 1983 til 1990.

Demningen er den fjerde største steinfyllingsdammen i verda (mest massive), med eit massevolum på 84,5 millionar m³.The World Almanac 2008, side 741. Han er 169 meter høg og 1819 meter lang. Installert vasskrafteffekt er 2400 MW, med ein mellomliggjande produksjon på kring 8900 MWh årleg.

Det er 5 demningar på Eufrat i Tyrkia. I rekkjefølgje ovanfrå er dei: Kebandemningen (1330 MW), Karakayademningen (1800 MW), Atatürkdemningen (2400 MW), Birecikdemningen (670 MW) og Karkamisdemningen (180 MW).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Atatürkdemningen» frå , den 4. mars 2024.

Kategori:Eufrat Kategori:Provinsen Diyarbakır Kategori:Provinsen Adıyaman Kategori:Kraftverk skipa i 1992 Kategori:Demningar i Tyrkia Kategori:38°E Kategori:37°N