Ecaterina Szabó () er ein rumensk tidlegare turnar frå Zagon som vann fire gullmedaljar under Sommar-OL 1984, to VM-gull og like mange EM-gull.
Åra 1983 til 1987 sanka Szabó ti medaljar i tre ulike verdsmeisterskap og fem medaljar i to europameisterskap. Ved dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles vann ho øvingane bom, frittståande og hopp. I tillegg tok ho gull med Romania i lagtevlinga og sølv i mangekampen. I 1983 vart ho både europa- og verdsmeister i frittståande og europameister i skranke. Til saman tok Szabó 20 medaljar i ulike internasjonale meisterskap og olympiske leikar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ecaterina Szabo» frå , den 8. mars 2024.
Kategori:Rumenske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Europameistrar i turn Kategori:Olympiske meistrar for Romania Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Romania Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1984