David Cronenberg () er ein kanadisk filmregissør og manusforfattar. Han er særleg kjend for grøssarfilmar, men har også verka inna ei rekkje andre sjangrar. Han er ein hovudmann bak sjangeren kroppsskrekk (), med filmar som tek for seg kroppsomforming, infeksjonar og innverknad mellom psykologiske, fysiske og teknologiske aspekt. Han er best kjend for utforskinga av slike tema i science fiction-grøssararsom Shivers (1975), Scanners (1981), Videodrome (1983) og The Fly (1986).
Filmane til Cronenberg har delt både kritikarar og publikum; han er blitt lovprisa og har også skapt kontroversar gjennom avbildingar av gru og vald. Filmane hans har vunne ei rekkje prisar, som spesialjuryprisen for Crash ved Filmfestivalen i Cannes i 1996. Seks av filmane hans er blitt nominerte til Palme d'Or i Cannes, mest nyleg Crimes of the Future, som blei vist ved Cannes i 2022.
Frå 2000-talet til 2020-talet har Cronenberg samarbeidd med Viggo Mortensen om ei rekkje filmar, som A History of Violence (2005), Eastern Promises (2007), A Dangerous Method (2011) og Crimes of the Future (2022).
Privatliv Cronenberg er fødd og busett i Toronto. Han var gift med Margaret Hindson frå 1972 til dei skilde seg i 1979, dei hadde ei dotter saman, Cassandra Cronenberg. Den andre kona hans var Carolyn Zeifman, som han var gift med til ho døydde i 2017. Dei fekk to barn saman, Caitlin og Brandon.
Filmar i utval
Maps to the Stars (2014) Cosmopolis (2012) A Dangerous Method (2011) Eastern Promises (2007) A History of Violence (2005) Spider (2002) eXistenZ (1999) Crash (1996) M. Butterfly (1993) Naken lunsj (1991) Tvillingskjebner (1988) Fluen (1986) Mørke krefter (1983) Videodrome (1983) Scanners (1981) The Brood (1979) Fast Company (1979) Rabid (1977) Shivers (1975)
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «David Cronenberg» frå , den 10. mars 2024.
Delar av denne artikkelen bygger på «David Cronenberg» frå , den 10. mars 2024. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Toronto Kategori:Kanadiske regissørar