Karen Angelo Hækkerup () er ein tidlegare dansk politikar for Socialdemokraterne.
Bakgrunn Hækkerup er dotter av læraren Erik Debois og psykologen Kirsten Angelo Schmidt. Ho er gift med folketingsmedlemmet Ole Hækkerup, og busett i Dragør på Amager. Med dette er ho også svigerinna av folketingsmedlem og minister Nick Hækkerup og svigerdottera av tidlegare folketingsmedlem Klaus Hækkerup. Karen Hækkerup har studentereksamen frå Odense Katedralskole fra 1993, studium i historie frå Odense Universitet frå 1994/1995 og kandidatutdanning i statsvitskap frå Københavns Universitet frå 2010.
Karriere Hækkerup var medlem av Københavns borgarrepresentasjon 1998–2005 og medlem av Folketinget for Københavns amtskrins 2005–2007 (nominert frå Amager krins) og for Københavns storkrins (nominert frå Tårnby krins) 2007–2014. Hækkerup var sosial- og integreringsminister 2011–2013, matvareminister i 2013 og justisminister 2013–2014.
I 2014 søkte Hækkerup avskjed frå dei politiske verva sine for å tiltre som administrerande direktør i interesseorganisasjonen til bøndene og næringsmiddelindustrien Landbrug & Fødevarer.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karen Hækkerup» frå , den 16. mars 2024.
Kategori:Danske statsvitarar Kategori:Danske integreringsministrar Kategori:Danske justisministrar Kategori:Danske matvareministrar Kategori:Danske sosialministrar Kategori:Socialdemokratiet-ministrar Kategori:Folketingsmedlemmar frå Socialdemokratiet Kategori:Elevar ved Københavns Universitet Kategori:Folk frå Hillerød