Ágnes Keleti, fødd Klein, () var ein ungarsk turnar frå Budapest som vann fem olympisk gullmedaljar i tida 1952-56 og eitt VM-gull i 1954.

Keleti vann frittståande under Sommar-OL 1952 i Helsinki, leikar der ho også fekk ein sølvmedalje og to bronsemedaljar med heim. To år seinare tok ho gull, sølv og bronse ved Turn-VM i Roma, gullmedaljen kom i skranke. Under dei olympiske sommarleikane i Melbourne i desember 1956 vann ho gullmedalje i fire tevlingar, mellom dei frittståande, skranke og bom. Ho vart nummer 2 i mangekampen bakom sovjetiske Larisa Latynina, ho fekk også sølv i lagtevlinga med det ungarske mannskapet

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ágnes Keleti» frå , den 16. mars 2024.

Kategori:Ungarske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Ungarn Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Ungarn Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ungarn Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1956 Kategori:Verdsmeistrar i turn