Rose Lokissim () var ein av dei fyrste kvinnelege elitesoldatane i det sentralafrikanske landet Tsjad. Ho kjempa mot diktatoren Hissène Habré i 1980-åra.

Lokissim vaks opp i ein liten landsby i Tsjad. Faren var polygam. Ho blir skildra som ein fredeleg og omsorgsfull person.

I slutten av 1970-åra blei Lokissim elitesoldat i den tsjadiske hæren. I 1984 slutta ho seg til den politiske opposisjonen. Saman med fleire andre blei ho arrestert 14. september 1984. Ho sat fyrst fengsla som den einaste kvinna blant seksti menn, og torturert i åtte månader. Deretter blei ho overført til ei kvinneavdeling. Medan ho var i fengsel, dokumenterte ho namn, overgrep og fengselsforholda på papirlappar som ho fekk sendt ut av fengselet. Ho ble fordømd og avhøyrd igjen i 1986 for desse skriftlege vitnesbyrda. Den 15. mai 1986 beordra diktatoren Habré at ho skulle avrettast..

Historia til Lokissim blir fortald i den franske dokumentarfilmen Parler de Rose (Talking about Rose) frå 2015 av Isabel Coixet.. UNESCO har inkludert Rose Lokissim på si oversikt over kvinner som har hatt noko å seia for afrikansk historie.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rose Lokissim» frå , den 17. mars 2024.

Kategori:Tsjadisk politikk Kategori:Soldatar Kategori:Tsjadarar Kategori:Avretta personar