Elaine Paige, OBE, () er ein engelsk songar og skodespelar, kjend for sitt lange virke innan musikal og teater. Stemma blir skildra som mezzosopran.
Bakgrunn Paige vaks opp i Barnet i Hertfordshire i England og gjekk ved Aida Foster Theatre School. Ho hadde si fyrste profesjonelle sceneframsyning som 16-åring i 1964, og fekk sitt store gjennombrot med musikalen Hair på West End i London i 1968.
Etter ei rekke roller utover i 1970-åra, blei Paige vald til å spele Eva Perón i den fyrste oppføringa til Andrew Lloyd Webber av musikalen Evita i 1978. Dette oppdraget gjorde henne kjend for eit større publikum og ho vann Laurence Olivier-prisen for innsatsen. Ho spelte rolla som Grizabella i Cats og fekk ein topp ti-hit i Storbritannia med songen «Memory» frå musikalen.
I 1984 gav Paige ut «I Know Him So Well» saman med Barbara Dickson frå musikalen Chess, og dette er fortsatt ein av dei mestseljande singlane med ein duo. Ho var seinare med i originalbesetninga på Chess, etterfølgd av ei hovudrolle i Anything Goes, som ho også var med på å produsere.
Paige fekk sin Broadway-debut som hovudrolla Norma Desmond i Sunset Boulevard i 1996, til gode kritikkar. Ho spelte i The King and I frå 2000 til 2001, og seks år senere vende ho tilbake til West End med stykket The Drowsy Chaperone. Ho har også hatt jamnlege TV-framsyningar.
I tillegg til fem nominasjonar til Laurence Olivier-prisar, har Paige vunne ei rekke prisar og utmerkingar for sine teaterroller. I 1995 blei ho utnemd til ein officer av den britiske imperieordenen av dronning Elizabeth II for hennar bidrag til musikalteater.Elaine Paige returns to West End. BBC News, 18 January 2007. Retrieved on 5 January 2008. Ho har også blitt omtalt som «fyrstedama innan britisk musikalliv» på grunn av sitt talent og lange virke. Ho har gjeve ut 22 soloalbum, der åtte av dei blei sertifiserte til gull eller platina. Paige har i tillegg medverka på ei rekke andre innspelingar og turnert over heile verda. Sidan 2004 har ho også hatt sitt eige radioprogram på BBC Radio 2, kalla Elaine Paige on Sunday.
I 2014 feira Paige 50 år i underhaldingsbransjen med ein internasjonal konsertturné og eit samlealbum The Ultimate Collection."Page by Page by Paige – Elaine announces 50th Anniversary Farewell Tour ElainePaige.com, 25 November 2013."Unreleased songs debut on Elaine Paige – The Ultimate Collection" ElainePaige.com, 9. april 2014.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elaine Paige» frå , den 18. mars 2024.
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Order of the British Empire