Victoire Sidémého Dzidudu Tomegah Dogbé () er ein togolesisk politikar som har vore statsminister i Togo siden 28. september 2020. Ho er den fyrste kvinnelege statsministeren i Togo.

Før ho blei regjeringssjef var Tomegah Dogbé minister for grasrotutvikling, handverk, ungdom og ungdomssysselsetjing i regjeringa til Komi Sélom Klassou og under president Faure Gnassingbé.

Karriere I 2008 arbeidde Tomegah Dogbé ved kontoret til SNs utviklingsprogram i Benin, men blei då henta inn til Togo av dåverande statsminister Gilbert Houngbo for å arbeide ved statsministeren sitt kontor. I 2010, etter at president Faure Gnassingbé var blitt attvald, blei Tomegah Dogbé utnemnd til minister for grasrotutvikling, handverk, ungdom og ungdomssysselsetjing i den andre regjeringa til Gilbert Houngbo. Ho fortsette i same ministerpost i den fyrste regjeringa til Kwesi Ahoomey-Zunu frå 2012 til 2013 og også i hans andre regjering frå 2013 til 2015. Etter presidentvalet i april 2015 blei Komi Sélom Klassou ny statsminister frå 5. juni 2015, og Tomegah Dogbé fortsette i regjeringa med omtrent samme portefølje.

Tobegah Dogbé blei utnemnd til statsminister 28. september 2020 av president Faure Gnassingbe etter at Komi Selom Klassou gjekk av.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Victoire Tomegah Dogbé» frå , den 18. mars 2024.

Kategori:Togolesiske politikarar Kategori:Togolesiske statsministrar