Dråpen i Havet er ein humanitær hjelpeorganisasjon, som vart starta av Trude Jacobsen i 2015. Utgangspunktet var eit stort behov for hjelp til båtflyktningar som kom sjøvegen til Lesvos og andre greske øyar i Egeerhavet mellom Tyrkia og Hellas. Jacobsen mobiliserte i starten frivillige i Noreg. Ni år seinare er organisasjonen prega av internasjonal deltaking av frivillige frå over 70 land.

Dei første åra deltok frivillige i stor grad med å ta imot og hjelpe båtflyktningar når dei kom til land. Etterkvart har arbeidet blitt sentrert til flyktningleirar på øyane og fastlandet i Hellas. Dråpen i Havet knyter aktivitetane sine til fire programområde; humanitær hjelp, uformell utdanning, integreringsprosjekt og kapasitetsbygging. Formålet med arbeidet er å yte støtte til menneske på flukt og dele informasjon om flyktningar sin situasjon. Dråpen i havet har eit særskilt søkelys på kvinner og born.

Sidan 2015 har over 8000 frivillige delteke i arbeidet til Dråpen i Havet. I tillegg til Hellas har Dråpen i havet arbeidd i Bosnia-Herzegovina, og i Polen i samband med krigen i Ukraina.

Prisar og utmerkingar

2015 - Norske Helter - Årets Initiativ Annette Thommessens Minnepris for 2020/2021 frå NOAS

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Humanitære hjelpeorganisasjonar Kategori:Norske organisasjonar Kategori:Skipingar i 2015 Kategori:Norske humanitære organisasjoner