Christine Carla Kangaloo () er ein trinidadisk politikar som har vore president av Trinidad og Tobago sidan 20. mars 2023. Ho er den andre kvinnelege presidenten i landet. Ho var frå 2015 senatspresident til ho gjekk av i 2023 for å stille som presidentkandidat. Ho representerer sentrum-venstrepartiet People's National Movement. Sidan ho fyrste gongen blei vald inn i senatet i 2001 har ho også hatt fleire ministerpostar.

Karriere Kangaloo har juridisk utdanning med bachelorgrad frå University of the West Indies og frå Hugh Wooding Law School.

Kangaloo blei vald inn i senatet fyrste gong i 2001. Frå 2002 til 2005 arbeidde ho ved statsministerens kontor, og frå 2005 til 2007 var ho justisminister. Ved valet i 2007 blei ho innvald i Representanthuset (parlamentet i Trinidad og Tobago består av to kammer, Representanthuset og Senatet).

I 2015 fekk Kangaloo sete i Senatet og blei vald til senatspresident 23. september same år. I 2023 sa ho frå seg dette vervet for å stille som presidentkandidat. Presidenten av Trinidad og Tobago blir vald av eit valkollegium beståande av alle medlemmane i Representanthuset og Senatet. Kangaloo blei 20. januar 2023 vald med 48 røyster, mens motkandidaten fekk 22 røyster.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Christine Kangaloo» frå , den 22. mars 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Trinidadiske presidentar Kategori:Trinidadiske politikarar Kategori:Trinidadiske justisministrar Kategori:Trinidadiske juristar