Sonja J. Jógvansdóttir () er ei færøysk organisasjonskvinne og politikar som representerer partiet Tjóðveldi.
Bakgrunn Jógvansdóttir vaks opp i som dotter av læraren Jógvan Finnur Poulsen og kona Jónvør Hansdóttir. Ho har mastergrad i statsvitskap frå University of Edinburgh og supplerande kurs i forvalting frå Roskilde Universitet. I 2006 blei ho initiativtakar til og koordinator for SAMTAK, ein paraplyorganisasjon for den færøyske fagrørsla. Ho har tidlegare arbeidd som journalist i tillegg til saksbehandlar ved den færøyske EU-representasjonen i Brussel.
Politisk karriere Jógvansdóttir har særleg vore oppteken av emne som likestilling mellom kjønna, rettane til homofile og fattigdom. I 2015 blei ho vald inn på Lagtinget for det sosialdemokratiske partiet Javnaðarflokkurin med 1 021 personrøyster, nest flest etter leiaren for partiet, . Kort tid etter valet melde ho seg ut av Javnaðarflokkurin, fordi regjeringa til Aksel V. Johannesen ikkje nemnde borgarleg vigsel av homofile i sitt regjeringsgrunnlag. Ho tok sete i Lagtingets justiskomité. Ho støtta regjeringa som partilaus. I februar 2019 melde ho seg inn i Tjóðveldi, men blei ikkje teken opp i lagtingsgruppa til Tjóðveldi, ettersom ho opphavleg var vald for eit anna parti. Ho stilte ikkje til attval til Lagtinget i 2019.
Privatliv Jógvansdóttir bur i Tórshavn som sambuar med tidlegare kulturminister Annlis Bjarkhamar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sonja Jógvansdóttir» frå , den 27. mars 2024.
Kategori:Færøyske politikarar Kategori:Færøyske lagtingsmedlemmar Kategori:Færøyske statsvitarar Kategori:Folk frå Fuglafjørður