Evgeny Anatolyevich Romanov () er ein opphavleg russisk sjakkspelar, stormeister i sjakk, som i perionden mars 2022 til juni 2024 representerte Noreg. I juni 2024 melde han overgang til Nord-Makedonia. Romanov vaks opp i Kaliningrad i Russland, og er utdanna jurist. Han vart FIDE-meister i sjakk i 1998, Internasjonal Meister i sjakk i 2005 og Stormeister i sjakk i 2007.
Sjakk-karriere Evegeny Romanov vann i 1998 verdsmeisterskapen i sjakk for aldersgruppa under 10 år, i Oropesa del Mar, og vart dermed automatisk FIDE-meister. Han vann deretter Europameisterskapen for ungdom i aldersklassane under 12 år i Halkidiki, 2000, og under 14 år i Peniscola, 2002. Han vann den russiske studentmeisterskapen i Belgorod i 2008. Han har i tillegg vunne fleire store internasjonale sjakkturneringar, og tok bronse i Europameisterskapen i sjakk i Legnica i 2013. Han kvalifiserte seg også til World Cup-tevlingane i sjakk, i Khanty-Mansiysk, 2011 og Tromsø, 2013.
Han har spela for ei rad sjakklubbar i Europa i lagtevlingar, mellom anna i Noreg for Kristiansund Sjakklubb og Vålerenga Sjakklubb, og har for desse klubbane vore med på det vinnande laget i den norske meisterskapen for klubblag i 2011, 2015, 2016, 2017 og 2018.
Han var trenar for det norske laget i opa klasse i sjakk-OL i Tromsø i 2014 og for det tyske laget i sjakk-OL i Baku 2016. Han var også trenar for Georgia sitt kvinnelag, som tok bronse i 2018 sjakk-OL i 2018, og sølv i Europameisterskapen i sjakk for lag i 2019.
I mars 2022, etter Russland sin invasjon av Ukraina, søkte Romanov om å få representere Noreg i sjakk, i staden for Russland, noko som vart godkjent. Han vart dermed Noreg sin dåverande 18. stormeister i sjakk. I juni 2024 registrerte han overgang til Nord-Makedonia.https://ratings.fide.com/transfers.phtml FIDE Transfers 2024
Minneverdige parti Sergey Volkov mot Evgeny Romanov, 2008) Nikita Vitiugov mot Evgeny Romanov, 2009)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Evgeny Romanov (chess player)» frå , den 1. april 2024.
Bakgrunnsstoff
Evgeny Romanov si side hos FIDE Evgeny Romanov sine sjakkparti hos chessgames.com Evgeny Romanov sjakkparti hos 365Chess.com
Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Russiske sjakkspelarar Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Nord-makedonske sjakkspelarar