Edmund Henry Hynman Allenby () var ein britisk feltmarskalk som kjempa i fleire kolonikrigar og fyrste verdskrigen.
Allenby tente i kavaleriet, og deltok 1884-85 i krig i Bechuanaland (Botswana), 1888 i Zululand og 1899-1902 i boarkrigen. Frå 1914 til 1917 kriga han i Frankrike, der han hadde ulike leiarposisjonar. I 1917 leia han den tredje arme i slaget ved Arras. Størst ry vann Allenby i striden mot tyrkarane i Egypt og Palestina. Han leia britiske styrkar til sigrar i Syria og Gaza.
Frå 1919 til 1925 var Allenby britisk høgkommissær i Egypt og Sudan. Under hans styring vart det britiske protektoratet over Egypt oppheva i 1922, noko som med tida skulle leie til at Egypt vart ein suveren stat.
Kjelder
Kategori:Britiske feltmarskalkar