mini|350px|Mjølkevegen slik ein trur han ser ut på avstand. mini|700px|Fotografi av Mjølkevegen sett frå vårt solsystem.

Mjølkevegen, Vinterbrauta eller Vintergata er den galaksen som inneheld solsystemet vårt. Han er 80 000 – 100 000 lysår i diameter og inneheld ein stad mellom 200 og 400 milliardar stjerner.

Mjølkevegen høyrer til mindretalet av spiralgalaksar som har stavforma sentrum i staden for ein rund kjerne, som er langt meir vanleg.

Mjølkevegen er medlem av galaksehopen den lokale gruppa. Denne gruppa har ein diameter på om lag 1 megaparsec og omfattar nokre dusin galaksar. Alle er mykje mindre enn Mjølkevegen, så nær som Andromeda-galaksen, som er litt større, og som ligg omtrent 3 millionar lysår unna. Mange av dei mindre galaksane er satellittar til dei to store. Den lokale hopen ligg heilt i utkanten av den gigantiske superhopen Virgo-hopen i stjernebiletet Jomfrua.

Kategori:Den lokale gruppa Kategori:Spiralgalaksar Kategori:Galaktisk astronomi Kategori:Himmellekamar kjende sidan antikken