Lokalavisa NordSalten (med det lulesamiske namnet Bájkkeavijssa NuorttaSáltto) er ei norsk lokalavis som dekkjer Steigen og Hamarøy kommunar i Nordland. Avisa vart grunnlagd i 1996 og den første utgåva kom ut den 5. januar same år. Hovudkontoret ligg på Innhavet i Hamarøy. Ansvarleg redaktør er Børge Strandskog (sidan 1996). Avisa blir gjeven ut på bokmål, med ein lulesamisk del på fredagar.

Allereie den 27. mai 1982 kom det ut eit prøvenummer av Lokalavisa NordSalten. Utgåva inneheldt ein lulesamisk del skriven av Sven-Roald Nystø. Endå eit prøvenummer vart gjeve ut i 1983 og det vart starta ordinær drift i 1984 fram til oktober 1985 då avisa gjekk konkurs. Drifta starta opp att i 1996. Lokalavisa Nord-Salten kom fyrst ut 5. januar 1996 etter initiativ frå redaktør Børge Strandskog og Trond Elsbak.

Opplag Stadfesta netto opplagstal frå Norsk Opplagskontroll og Landslaget for lokalaviser.Årets tal blir publiserte på LLAs nyhetssider, eldre tal er tilgjengelege på nett: 2004-2005 , 2006-2007 , 2008, 2009, 2010 (vitja 27. februar 2011)

2004: 2 465 2005: 2 624 2006: 2 581 2007: 2 536 2008: 2 428 2009: 2 723 2010: 2 655 2011: 2 871 2012: 2 838 2013: 2 847 2014: 2 789 2015: 2 872 2016: 2 649 2017: 2 612

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lokalavisa NordSalten» frå , den 7. april 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kultur i Hamarøy Kategori:Aviser i Nordland