mini|Karl den djerve tek imot ei bok frå Georges Chastellain. Miniatyrmåleri i L'instruction d'un jeune prince. Georges Chastellain (ca. 1405 eller ca. 1415-) var ein burgundisk krønikeskrivar og poet, fødd i Aalst i Flandern. Historiske verk av Chastellain er verdifulle for den nøyaktige informasjonen dei inneheld. Som poet var han kjend blant samtidige. Han var den store meisteren i skulen av grands rhétoriqueurs, som var kjenneteikna av svært kunstige former og ein overflod av latinismar og grekismar.

Verk

Chronique des choses de mon temps, historieverk om åra 1417–74. Berre fragment er att. Verket blei halde fram av læresveinen til Chastellain, Jean Molinet, etter at meisteren døydde. "Louange à la tresglorieuse Vierge" (ca. 1455). Récollections des merveilles advenues en mon temps (Antwerpen, 1505). Chronique de Messire Jean de Lalaing, biografi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Georges Chastellain» frå , den 7. april 2024. oppgav desse kjeldene:

Graeme Small, George Chastelain and the Shaping of Valois Burgundy: Political and Historical Culture at Court in the Fifteenth Century Royal Historical Society, 1997 (Studies in History); reprinted in paperback by Boydell and Brewer, 2011.

Kategori:Fødde på 1400-talet Kategori:Franske diktarar