Slangeørner (Circaetus) er ei biologisk slekt av mellomstore ørner i haukefamilien Accipitridae. Fem artar lever i Afrika. Den sjette, arten slangeørn, hekkar frå Middelhavsbassenget til Russland, Midtausten og India, og overvintrar i Afrika sør for Sahara og austover til Indonesia.

Slekta Circaetus vart introdusert i 1816 av den franske ornitologen Louis Pierre Vieillot for å romme ein enkelt art, arten slangeørn, som derfor blir rekna som typearten. Slektsnamnet er frå det antikke greske kirkos, ein «hauk», og aetos, «ørn». Slekta inneheld seks artar.

Skildring Slangeørner finst i opne habitat som dyrka sletter og tørre savannar, men krev tre for å byggje eit pinnereir. Det er hovudsakleg hoa aleine som rugar det eine egget i kullet.

Circaetus-ørner har eit avrunda hovud og breie venger. Dei jaktar på krypdyr, hovudsakleg slangar, men tek også øgler og nokre gonger små pattedyr.

Artsliste Circaetus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024. Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.

Slangeørn, Circaetus gallicus, Short-toed Snake Eagle, (Gmelin, JF, 1788), (LC) Guineaslangeørn, Circaetus beaudouini, Beaudouin's Snake Eagle, Verreaux, J & des Murs, 1862, (VU) Svartbrystslangeørn, Circaetus pectoralis, Black-chested Snake Eagle, Smith, A, 1829, (LC) Brunslangeørn, Circaetus cinereus, Brown Snake Eagle, Vieillot, 1818, (LC) Kystslangeørn, Circaetus fasciolatus, Southern Banded Snake Eagle, Kaup, 1847, (NT) Bandslangeørn, Circaetus cinerascens, Western Banded Snake Eagle, Müller, JW, 1851, (LC)

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av «Circaetus» frå , den 18. april 2024

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Haukefamilien Kategori:Fugleslekter