«Heartbeat» (norsk 'hjarteslag') er ein song frå 2016 med den latviske artisten . Songen vann den latviske songtevlinga Supernova 2016 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.

Om songen «Heartbeat» er skriven av Aminata Savadogo, som representerte Latvia i Eurovision Song Contest året før med songen «Love Injected».

Songen var eitt av 20 bidrag i den latviske songtevlinga Supernova 2016, arrangert av kringkastaren (LTV). «Heartbeat» kvalifiserte seg frå semifinalen 14. februar og vann seinare finalen 21. februar 2016 i LTV Studio 6 i Riga. Gjennom sigeren blei «Heartbeat» det latviske bidraget til Eurovison Song Contest.

Eurovision Song Contest I januar 2016 blei Latvia trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen blei arrangert i Globen i Sverige torsdag 12. mai, og Latvia hadde startnummer 1. «Heartbeat» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai. I finalen blei sangen nummer 15 av 26 bidrag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Heartbeat (Justs-sang)» frå , den 27. april 2024.

Kategori:Latviske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2016-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar