Idrettsforeningen Hellas er eit idrettslag heimehøyrande i Drammen. Laget vart stifta 28. oktober 1917 og er aktivt med i friidrett og orientering. IF Hellas arrangerte NM i friidrett 1962 og NM i friidrett 2001 på Marienlyst stadion.
Soge Johan Støa sikra Hellas sitt fyrste MM-gull då han vann 10000-meteren under NM i friidrett 1924. To år seinare vart Støa tildelt Egebergs ærespris, noko Bjarne Bryntesen òg fekk, etter mellom anna NM-gull i tikamp i 1935. Flest NM-titlar for Hellas tok Bjørn Thorkildsen med sine fire topplasseringar i høgdehopp i perioden 1955–1960.
Orienteringssporten har stått på lagsprogrammet sidan 1939. Ole Skramstad vart norsk meister i 1949 og Erik Engebråten hevda seg nasjonalt på 1960-talet.
Utøvarar Johan Støa, langdistanseløpar. Tildelt Egebergs ærespris i 1926. Bjarne Bryntesen, mangekjempar og skihoppar. Tildelt Egebergs ærespris i 1935. Ole Skramstad, orienteringsløpar. Tildelt kongepokal i 1949. Bjørn Thorkildsen, høgdehoppar. Tildelt kongepokal i 1955. Andreas Larsen-Nyhus, noregsmeister i stavhopp 1958. Kjellfred Weum, noregsmeister i 110 meter hekk 1963 og 1964. Jan Torgersen, noregsmeister i 400 meter hekk 1974. Torstein Brox, noregsmeister på 1500 m i 1982. Espen Borge, noregsmeister på 800 m i 1984.
Kjelder Hellas 60 år Jubileumsbok. 1977.
Kategori:Idrettslag i Buskerud Kategori:Idrettslag i Drammen Kategori:Idrettslag skipa i 1917