Flamske komiteen i Frankrike er ein fransk ideell samskipnad vigd til å være eit lærd selskap for utforsking, bevaring og fremjing av den flamske kulturen i Fransk Flandern, med særleg interesse for språk, litteratur og historie. Den 10. april 1853 vart komiteen, som vart oppretta under det franske namnet Comité flamand de France, stifta i Dunkerque under leiing av Edmond de Coussemaker. Han har vore verksam sidan starten, og vert rekna som eit av dei eldste lærde selskapa i Frankrike.
Komiteen held til i Hazebrouck, der han har eit fagbibliotek, med alle sine eigne publikasjonar, samt andre verk frå landsdelen, som vert oppbevarte og samla. Han er også ansvarleg for forvaltinga av samlingane til Jeanne Devos-museet i Wormhout.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Årbøker frå 1853 til 1999 frå Gallica Bulletin frå 1857 til 2000 frå Gallica
Kategori:Fransk kultur Kategori:Kulturorganisasjonar Kategori:Minoritetsorganisasjonar Kategori:Skipingar i 1853