mini|Tørrdrakt Tørrdrakt er ei vasstett drakt som først og fremst blir brukt til dykking, men også i samband med snorkling og brettsegling.
Ei tørrdrakt er vanlegvis laga av neopren, men ein kan også nytta andre gummimateriale som vulkanisert gummi eller trilaminat. Neoprenet fungerer som eit isolerande lag rundt kroppen, men vanlegvis blir den isolerande evna til drakta komplettert med t.d. ei underdrakt i fleecemateriale. Dette går bra sidan tørrdrakta, i motsetnad til våtdrakta, er heilt vasstett.
Drakta må sitja ganske tett for å fungera optimalt. Tørrdrakta har også ei viss oppdrift, dels avhengig av kor tjukt neoprenlaget er, men også avhengig av kor mykje luft og klede det er i drakta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tørrdrakt» frå , den 22. juni 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dykking Kategori:Idrettsutstyr Kategori:Klede for heile kroppen Kategori:Badetøy