mini|Pont du Gard i Frankrike frå 19 f.Kr. er på verdsarvslista. mini|Aqua Claudia i Roma. Romerske akveduktar er akveduktar bygde av romarane fleire stader i verda. Ein romersk akvedukt er eit byggverk reist for å transportera vatn, eller ei bru som leiar vatn over til dømes ein dal. Ordet «akvedukt» kjem av det latinske aquaeductus (aqua = ‘vatn’ og ducere, ‘leie’). Romarakveduktane blei hovudsakleg nytta til å føra ferskvatn inn til byar frå vasskjelder eller vatn i nærleiken.

Den tunisiske hovudstaden Tunis bruker framleis ein gammal romersk akvedukt. Den lengste av dei romerske akveduktane går 132 km frå Djebel Zaghouan i Tunisia til Karthago. Vassforsyning til Köln blei ført i akvedukt kring 100 km frå Nettersheim-området i Eifel. Antikke Köln var sikra ei dagleg forsyning på ca 20.000 kubikkmeter friskt kjeldevatn, 200 l pr. sekund. Det meste gjekk til badeanlegget i byen, og ein del til å halda verksemder og fontener i gang.Peter Ørsted: Romerne – dagligliv i det romerske imperium (s. 107-8), forlaget Gyldendal, København 1991,

I Roma i nyare tid brukar ein berre Aqua Virgo, som leiar vatn til Trevi-fontena.

Sjå òg

Vassløp Viadukt Qanat Transport

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Romersk akvædukt» frå , den 14. juli 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Akveduktar Kategori:Latinske ord og uttrykk