David Vernon Watson () er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Stapleford. Han var midtstoppar, sterk på hovudet og i duellspel. Watson spelte mellom andre på Sunderland AFC, Manchester City og Southampton FC. Han vann 65 kampar med det engelske herrelandslaget, og var kaptein ved tre høve.

Karriere Klubbspel Watson gjorde i tida 1966-86 teneste i 11 ulike fotballklubbar. Han utmerkte seg i Rotherham United og vart i desember 1970 overført til Sunderland i 2. divisjon. 5. mai 1973 bidrog han til at Sunderland vann FA-cupfinalen med 1-0 over storfavoritt Leeds United. Sommaren 1975 skreiv han kontrakt med Manchester City, her var han med å vinne ligacupfinalen 1976 med 2-1 over Newcastle United. 1979-82 spelte han mange gode kampar for Southampton FC. Han la opp etter 810 klubbkampar og 80 skåringar.

Landslagsspel Watson spelte 65 landskampar for England i tida frå april 1974 til juni 1982. Han debuterte i Lisboa og avslutta i Reykjavik, begge desse kampane enda uavgjort. Watson deltok i alle England-kampane under EM i fotball 1980, der laget rauk ut i gruppespelet. 10. september 1980 hadde han ein roleg kveld då Noregs utvalde vart slått 4-0 på Wembley stadion i ein kvalifiseringskamp til VM i fotball 1982. Watson skåra fire landslagsmål, to mot Nord-Irland og to mot Bulgaria, fordelt på fire ulike kampar i 1979.

Merittar Vinnar av FA-cupen: 1973 med Sunderland AFC Vinnar av den engelske ligacupen: 1976 med Manchester City Andreplass i den engelske ligaen: 1977 med Manchester City

Kjelder

eu-football

Denne artikkelen bygger på «David Watson (footballer, born 1946)» frå , den 15. juli 2024.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Southampton-spelarar Kategori:Stoke-spelarar Kategori:Notts County-spelarar Kategori:Derby-spelarar