høgre|mini|Det rwandiske riksvåpenet Det rwandiske riksvåpenet blei endra i 2001 for at det skulle samsvara med det nye flagget i landet. Riksvåpenet viser ei agasekekorg i midten og to skjold på kvar side. I tillegg eit tannhjul, ein sorghumplante og ein kaffiplante og øvst i midten ei sol. Sola er også på det rwandiske flagget.

I eit band øvst på våpenet står teksten REPUBULIKA Y'U RWANDA, og i eit band under står UBUMWE, UMURIMO, GUKUNDA IGIHUGU. Teksten er på njaruanda og kan omsetjast med «Republikken Rawanda – Eining, arbeid, patriotisme».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rwandas riksvåpen» frå , den 8. august 2024.

Riksvåpen Rwanda