Grace Jacob Bullen () er ein norsk olympisk brytar som representerer Fredrikstad Bryteklubb Atlas. Sidan 1. februar 2022 har ho trent og budd i Georgia.
Bullen har to EM-titlar som senior og er nordisk meister tre gongar, og ho har vunne kongepokalen fem gongar: i 2017, 2019, 2020, 2023 og 2024.
Bakgrunn Foreldra til Bullen er frå Sudan, men flykta til Eritrea med to døtrer før Grace blei fødd. Ho er difor fødd i Eritrea. Også der måtte dei flykte vidare, på grunn av uro. Familien hamna fyrst i ein SN-leir, og deretter i Noreg i 2001. Bullen var då fire år gammal.Store Norske Leksikon - Grace Bullen, besøkt 27. oktober 2020.
Foreldra blei kjende med Gheorghe Costin gjennom språkkurs i Noreg, han var og er brytetrenar i Fredrikstad Bryteklubb Atlas, og etter kvart byrja alle dei fire systrene med bryting.
Idrettskarriere 2012 Bullen vann 60-kilosklassen i ungdomsklassen under Junior-NM i bryting 2012.Molde Atletklubb - Her er de nye ungdomsmesterne, besøkt 27. oktober 2020. Ho vann også NM i strandbryting 2012, i denne vektklassen.Norges bryteforbund - NM Sandbryting Fredrikstad, 16.06.2012 - UK19 - 60 kg, besøkt 27. oktober 2020. Ho blei tatt ut til å delta i Ungdoms-EM i bryting 2012 i Polen, og fekk der bronse i 56-kilosklassen.UWW-Europe - Cadet European Wrestling Championship - Katowice (POL) 2012-07-17 - 2012-07-22 , besøkt 27. oktober 2020. Ho vann også 56-kilosklassen i ungdomsklassen (cadet) under Nordisk meisterskap i bryting 2012 i Aarhus.Liga-Datenbank - Nordic Wrestling Championship 2012 Aarhus, 12.-13-05-2012 - 56 kg Cadet Women, besøkt 27. oktober 2020.
2013 I mars vann Bullen 59-kilosklassen under NM i bryting 2013, med fire sigrar på fire kampar.Norges bryteforbund - NM for Senior 2013 - Grace Jacob Bullen, besøkt 27. oktober 2020. Ho vann ungdomsklassen (60 kg) på nytt under Junior-NM i bryting 2013.Norges bryteforbund - NM ungdom 2013 Kristiansund, 16.03.2013, besøkt 27. oktober 2020.
Under Nordisk meisterskap i bryting 2013 i Eslöv vann Bullen 60-kilosklassen i ungdomsklassen.Liga-database - Nordic Championship 2013 Eslöv, 11.-2013-05-12 - 60 kg KvU, besøkt 27. oktober 2020. Ho deltok også i Ungdoms-EM i bryting 2013, der ho vann 56-kilosklassen etter å ha slege Aleksandra Wolczynska i finalen.UWW - European Championship - Cadet - Bar (MNE) , besøkt 27. oktober 2020. Ho kom på femteplass under Ungdoms-VM i bryting 2013, der ho braut i 65-kilosklassen.NRK.no - Tok VM-bronse i bryting, besøkt 27. oktober 2020.
2014 Ho vant 60-kilosklassen under Ungdoms-NM i bryting 2014.Liga-database - NM 2014 Ungdom Oppegård, 29.03.2014 - 60 kg Ungdom kvinner, besøkt 27. oktober 2020. Ho vann alle kampane sine under Ungdoms-EM i bryting 2014, og vann 60-kilosklassen etter at ho slo franske Koumba Larroque i finalen.Dagsavisen.no - Grace - byen nye europamester i bryting, besøkt 27. oktober 2020. I juli deltok hp i kadettklassen under Junior-VM i bryting 2014, og vann der 60-kilosklassen.IAT - World Championship Female wrestling Cadets 2014-07-15 Snina (SVK) 60.0 kg, besøkt 27. oktober 2020.
I Sommer-OL for ungdom 2014 i Nanjing tok Bullen den einaste gullmedaljen til Noreg i klassen fristil 60 kg, etter å ha sigra over heimehåpet Xingru Pei på teknisk overlegenheit etter 71 sekund.
2015 Året etter vann Bullen 63-kilosklassen under Junior-NM i bryting 2015.Liga-database - NM 2015 Junior Torp, 22.03.2015 - 63 kg Junior kvinner, besøkt 27. oktober 2020. Ho kom på tredjeplass i seniorklassen under Klippan Lady Open, og vann seniorklassen under Nordisk meisterskap i bryting 2015.IAT - Bullen, Grace Jacob (NOR), besøkt 27. oktober 2020. Under Europaleikane 2015 i Baku tok Bullen den fyrste norske medaljen i klassen fristil 58 kg. Etter fyrst å ha blitt slegen ut på fall i åttedelsfinalen, fekk hun ein ny sjanse i repechage der Bullen tok seg til bronsefinalen og slo heimehåpet Irina Netreba på fall berre 54 sekund ut i kampen.
Bullen vann 59-kilosklassen under Junior-EM i bryting 2015, og kom på tredjeplass i Poland Open (senior). I september deltok ho i VM i bryting 2015, og kom der på 13.-plass i 58-kilosklassen.
2016 Under Junior-NM i bryting 2016 vann Bullen 67-kilosklassen.Liga-database - NM Junior 2016 Kirkenes, 20.03.2016 - 67 kg Junior kvinner, besøkt 27. oktober 2020. Ho vann 69-kilosklassen under NM i bryting 2016.Liga-database - NM Senior 2016 Kristiansund, 21.05.2016 - 69 kg Senior Kvinner, besøkt 27. oktober 2020.
I juni tok Bullen sølv i EM i bryting 2016, etter finaletap mot Natalija Synysjyn.UWW - European Championships - Riga, LV Mar 2016 , besøkt 27. oktober 2020. Ho vann 59-kilosklassen under Junior-EM i bryting 2016. Ho vann 58-kilosklassen i Golden Grand Prix i Aserbajdsjan i november.
2017 I februar vann Bullen 63-kilosklassen under NM i bryting 2017.Liga-database - NM Senior 2017 Fredrikstad, 04.02.2017 - 63 kg Senior Kvinner, besøkt 28. oktober 2020. Ho deltok i 63-kilosklassen under Junior-NM i bryting 2017, og vann denne føre Aniat Lachinova og Gunn Rita Boine.Liga-database - NM 2017 Junior Tønsberg, 19.03.2017 - 63 kg Junior kvinner, besøkt 28. oktober 2020.
I mai vann Bullen 58-kilosklassen under EM i bryting, og vann med det sitt fyrste EM-gull som senior. Ho slo der Mariana Cherdivara Esanu frå Moldova i finalen.UWW - Senior European Championships - Novi Sad, RS May 2017 , besøkt 28. oktober 2020. Ho vann 63-kilosklassen under Nordisk meisterskap i bryting 2017, og ho vann også 59-kilosklassen under Junior-EM i bryting 2017 i Dortmund. Etter dette var ho rangert som nummer 4 i verda i sin vektklasse, 58 kg, bak Kaori Icho, Marwa Amri og Ajsuluu Tynybekova.Aftenposten.no - Norsk bryter klatrer på liste – er rangert som nummer fire i verden, besøkt 28. oktober 2020.
I august deltok Bullen både i junior-VM og VM i bryting. Junior-VM i bryting 2017 blei arrangert i Tammerfors, og Bullen tapte der semifinalen mot Anastasia Nitsjita, men slo Jing Jiang 9-3 i bronsefinalen, og vann med det bronse i denne meisterskapen.Fredrikstad Blad - VM-bronse til Grace Bullen, besøkt 28. oktober 2020. Under VM i bryting 2017 tapte ho opningskampen mot Aminat Oluwafunmilayo Adenyiyi, og enda med det på 16.-plass.Aftenposten.no - Norges beste vurderer å flytte til USA: - Tror de beste mulighetene er der, besøkt 28. oktober 2020.
2018 Bullen vann Klippan Lady Open i Sverige i februar, men deltok ikkje i NM dette året. Ho deltok i EM i bryting 2018 i mai, og kom der på sjuandeplass. Ho deltok også i VM i bryting 2018 i Budapest, og kom der på femteplass i 57-kilosklassen. I november 2018 vann ho U23-VM i Romania då ho slo kinesaren Rong Ningning i finalen.
2019 Bullen vann 62-kilosklassen under NM i bryting 2019.Liga-database - NM Senior 2019 Oslo, 02.02.2019 - 62 kg Senior Kvinner, besøkt 28. oktober 2020. Ho kom på tredjeplass i Ivan Yarygin Grand Prix og andreplass i Dan Kolov - Nikola Petrov Tournament, og ho kom på sjuandeplass under EM i bryting 2019, der ho deltok i 57-kilosklassen. Ho vann Nordisk meisterskap i bryting 2019, som blei arrangert i Braatthallen i Kristiansund. I juni deltok ho i Europaleikan 2019, og kom der på femteplass.
2020 I januar vann Bullen Klippan Lady Open i Sverige, og under NM i bryting 2020 i februar vant ho 62-kilosklassen, og fekk sin tredje Kongepokal.Dagsavisen.no - Grace Bullen tok sin tredje kongepokal, besøkt 28. oktober 2020. Ho vann EM i bryting 2020, der ho deltok i 57-kilosklassen.
2023 Bullen vann sølv under EM i april i Zagreb, der ho deltok i 62-kilosklassen og tapte finalen mot ukrainske Iryna Koljadenko.https://uww.org/event/european-championships-35/results Under VM i Beograd i september fikk hun bronsemedalje, igjen i 62-kilosklassen. Resultatet kvalifiserte Bullen til Sommer-OL 2024 i Paris.https://www.vg.no/sport/kampsport/i/P4GzkJ/bullen-ol-klar-etter-vm-bronse
2024 Under Sommar-OL 2024 i Paris vann Bullen bronsemedalje i 62-kilosklassen etter å ha slege canadiske Ana Godinez på berre 57 sekund i bronsefinalen.
Medaljar i norske meisterskap Plassering Vektklasse ÅrGull 59 kg 2013Gull 60 kg 2015Gull 62 kg 2019, 2020, 2022, 2023Gull 63 kg 2017Gull 68 kg 2024Gull 69 kg 2016
Anna I 2017 deltok Bullen i 71° nord – Norges tøffeste kjendis, der ho blei nummer tre bak Thea Næss og Ole Martin Årst.
I 2021 var Bullen deltakar i ein ny sesong av gameshowet Fangene på fortet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Grace Bullen» frå , den 13. august 2024.
Kategori:Norske brytarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Europameistrar i bryting Kategori:Kongepokalvinnarar i bryting Kategori:Noregsmeistrar i bryting Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Brytarar under sommar-OL 2024 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Vinnarar av Karolineprisen