Grinde ferjekai er eit nedlagt kaianlegg i Grinde i Leikanger. I 1939 vart det gamle ferjesambandet Lærdal-Vadheim delt opp då ein fekk samanhangande veg mellom Grinde og Kaupanger, og Grinde vart eit leie for dei nye ferjesambanda Grinde-Balestrand-Vetlefjorden og Grinde-Nordeide.
Ny veg vestover til Hella og nytt ferjeanlegg opna i 1956, og med dette vart Grinde nedlagd som ferjestad.
Kaia er delvis intakt i dag, men området er i dag del av ein privat hage forbi eit bustadhus på tomta.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Kategori:Tidlegare ferjeleie i Vestland