Simen Velle () er ein norsk politikar for Framstegspartiet frå Asker. I 2025 vart han vald inn som stortingsrepresentant for Oslo valkrins.
Politisk karriere Velle var leiar for Framstegspartiets Ungdom (FpU) frå 2022 til 2026. Han tok over vervet etter tidlegare formann Andreas Brännström. Velle var tidlegare formann i Viken FpU i perioden 2021–2022.
Som leiar i FpU kom Velle med sterke meiningar som talte moderpartiet imot, blant anna om å legalisera alle rusmiddel, sal av organ og polygami. Velle tok òg flittig i bruk sosiale medium for å nå nye veljarar, og dobla nesten oppslutnaden FpU hadde ved skulevalet frå 13,9 % (2021) til 26 % (2025).
I april 2024 stod Velle fram med at han i ein periode av tenåra jamleg nøytte hasj som sjølvmedisinering, hadde nøytt kokain to gongar, og at han og to kameratar vart dømde for oppbevaring av til saman 100 gram hasj. Velle vart mellom anna rosa for openheita si, og omtala som eit politisk talent.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Simen Velle» frå , den 6. september 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Leiarar av Framstegspartiets Ungdom Kategori:FrP-politikarar i Akershus