Glasøya er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, søraust for øya Smøla. Øya har ikkje fast busetjing. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.
På Glasøya finst det ei gravrøys frå bronsealder/jarnalder. Dei eldste skriftlege kjeldene som nemner busetning på øya er frå 1559. Etter kvart vart det fleire gardsbruk her. Øya vart fråflytta tidleg på 1980-talet.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet 2000 16 29 0
Glasøya var del av Edøy kommune fram til 1960.
Kjelder
Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind II, Smøla kulturstyre Kulturminnesøk
Kategori:Øyar i Smøla