Rotværet er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, sør for hovudøya Smøla. Øya har ikkje fast busetjing. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.
Øya er første gong nemnt i skriftlege kjelder som busett i 1626, som husmannsplass. Ho vart fråflytta i 1960.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet 2000 5 3 0
Rotværet var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.
Kjelder
Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind III, Smøla kulturstyre, 1989 Kulturminnesøk
Kategori:Øyar i Smøla