Flisvær er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, sørvest for hovudøya Smøla, rett vest for Lyngværet. Det bur ikkje folk her.
Øya vart truleg busett på slutten av 1600-talet. Ved folketeljinga i 1900 budde det 16 personar her.Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet Ho vart fråflytta tidleg på 1900-talet.
Flisvær var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.
Kjelder
Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind III, Smøla kulturstyre, 1989
Kategori:Øyar i Smøla