Lachay nasjonalreservat er eit verna naturområde i Peru, som ligg i distriktet Huacho, i Huaura-provinsen i Lima-regionen. Reservatet vart oppretta 21. juni 1977 og dekkjer eit areal på omtrent 50,7 km², med høgder som varierer mellom 100 og 750 meter over havnivå. Reservatet vernar delar av eit lomas økosystem med flora, fauna og landskap, og tilbyr dessutan tenester for forsking, utdanning, turisme og rekreasjon. Dette bidreg også til å forbetre levekåra for lokalbefolkninga i området.
Lomas-økosystemet Lomas er eit svært sesongprega økosystem langs kysten, der hovudkjelda til fukt er skodde som blæs inn frå havet. Om sommaren er desse områda svært tørre, medan dei om vinteren får fukt frå skodda.
Lomas blir danna av skoddeskydekke som oppstår i vinter- og vårmånadene. Skydekket er ein konsekvens av havstraumane langs den peruanske kysten, som blir driven av vindane i regionen. Lomas-vegetasjon utviklar seg på Andesfjellas vestlege skråningar mot havet. Vegetasjonen kan byrje nesten ved kystlinja, men når høgda overstig 1 000 meter, forsvinn innverknaden frå skodda.
Fenomenet El Niño forstyrrar dei normale årstidene i lomas-økosystemet ved å bringe sommaryr, som igjen fremjar vegetasjonsvekst i ein periode som vanlegvis er tørr.
Flora og Fauna mini|venstre|Landskap i september 2017 mini|venstre|Lomas Lachay ein solfylt dag i november 2018 mini|høgre|Langsnuta flaggermus (Platalina genovensium) mini|høgre|Pampaskatt (Oncifelis colocolo) Planteliv Floraen i Lachay består hovudsakleg av plantar som har stor evne til å absorbere fukt frå tåka. I ei undersøking i 1997-98 vart det funne 146 artar av karplantar i 52 familiar, dei fleste, 115 artar, var tofrøbladingar. Av desse har korgplantefamilien 19 artar i 17 slekter. Berre ein art har ei fullstendig treliknande vekstform, pepartre (Schinus molle). Stenomesson-åsane er ein del av reservatet der dei oransje blomana av slekta Stenomesson i påskeliljefamilien, til dømes Stenomesson coccineum, er typisk for plantelivet i tørkesesongen. Eit anna og tørrare område blir kalla kaktus-åsar fordi der veks klyngjer av kaktusarten Haageocereus lachayensis.
Pattedyr Den mest talrike arten er husmus (Mus musculus) som ein av mange gnagarar. Ein finn óg storøyremus (Phyllotis spp) slik som Phyllotis andium og risrotta Aegialomys xanthaeolus. Andre pattedyrartar er sechurarev (Lycalopex sechurae) og ulike flaggermusartar slik som langsnuta flaggermus (Platalina genovensium), ein art som er endemisk for den peruanske kystørkenen. Det har også vorte rapportert om besøk av meir sjeldne artar som pampaskatt (Oncifelis colocolo).
Fuglar Birdlife International har klassifisert Lachay nasjonalreservat i kategorien A2 på oversynet over vektige fugleområde, «Important Bird Area», IBA. Det betyr at det finst minst to endemiske artar som har reservatet som ein vektig del av utbreiingsområdet sitt. Dette er tjukknebbtunnelfugl (Geositta crassirostris), kysttunnelfugl (Geositta peruviana) og kaktuskorgfugl (Pseudasthenes cactorum). Ein kjent predator på dei mest talrike pattedyra er graveugle (Athene cunicularia). Ei offisiell kjelde for reservatet oppgjev artstalet til ca. 60 registrerte fugleartar.
Historie
Førkolumbiske arkeologiske funn har vorte oppdaga i reservatet, mellom anna menneskeskapte terrassar, holemåleri, graver og keramikkbitar.
Arkeologar har fastslått at Lomas de Lachay har vore busett i minst sju periodar, frå dei første jakt- og sankarsamfunna til dagens gjetarar, også kalla «chivateros». Det finnast spor etter folk som var påverka av chavín-kulturen (2800 f.Kr.), basert på restar av keramikk og bygningar som er funne. Det er også gravfunn som vitnar om nærværet av tiahuanaco-kulturen, nærare bestemt frå det theatinske tidsrom, rundt 2500 f.Kr. Åsane har også vore påverka av andre store regionale kulturar, som mochica, chimú og chancay, før dei til slutt vart ein del av Inkariket. Under kolonitida vart åsane gradvis fråflytta som følgje av nedbrytning forårsaka av overbeiting frå europeisk kveg. I seinare historiske periodar forverra tilstanden seg ytterlegare, då tre vart hogge ned for å skaffe energi.
Turisme
Lachay er ei kjelde til liv, både om sommaren og vinteren. Mellom juli og oktober blomstrar lomas-områda og blir dekt av variert og tett vegetasjon, noko som gjer staden til eit unikt landskap. Det er i denne perioden reservatet får flest besøkjande, spesielt frå hovudstaden Lima. Folk kjem for å vandre langs observere floraen og faunaen som er typisk for området, eller for camping og rekreasjon.
Kjelder
Denne artikkelen er ei omsetting av «Reserva nacional de Lachay» frå , den 11. januar 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:nasjonalreservat i Peru