Ole Herman Jacobsen () var ein norsk gardbrukar, skipsreiar og stortingsmann frå Skjeberg i Østfold. Han representerte Smaalenenes amt og Høgre i Stortinget 1898-1900 og 1903-06.
Jacobsen var son til ein gardbrukar. Etter kort tid til sjøs, styrte han 1881-83 Lilleby bryggeri ved Fredrikstad. Han gifta seg til storgarden Billet i Skjeberg og dreiv denne frå 1883. Frå 1889 var han disponent for A/S Aarums teglverk. Åra 1894 til 1918 var han reiar for eit par seglskip, båtar som etterkvart var skifta ut med jarnskip.
Jacobsen var medlem i Borge formannskap i 23 år og i fleire år ordførar. I tillegg var han forlikskommssær. Han var styreleiar i så vel Sarpsborg og omegn privatbank som i Borge sparebank. Perioden 1898-1900 var han stortingsmann, og medlem av Gasje- og pensjonskomiteen. Han kom tilbake i Stortinget 1903-06, då hadde han sete i Protokollkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Østfold Dagblad 16. mai 1927
Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Folk frå Sarpsborg