Halla Tómasdóttir () er ei islandsk forretningskvinne og politikar som blei den 1. august 2024.
Liv og virke Halla Tómasdóttir vart fødd i Reykjavík, og vaks opp i Kópavogur. Ho budde i USA i ti år, der ho jobba for blant anna og -selskapa, og i nesten to år i Storbritannia og Danmark.
Tómasdóttir har ein MBA frå Thunderbird School of Global Management i i Arizona.
Næringsliv I 1998 var Halla Tómasdóttir med på å etablere det private .
Frå 2006 til 2007 var Tómasdóttir generaldirektør for det islandske handelskammeret Viðskiptaráð Íslands.
I 2007 grunnla Tómasdóttir, saman med bankieren Kristín Pétursdóttir, finans- og investmentselskapet Audur Capital (), som presenterte seg som eit selskap som førte «kvinnelege verdiar» inn i finanssektoren, og investerte i berekraftige prosjekt. Etter utbrotet av den islandske finanskrisa (2008–2011) var Audur Capital eit av få selskap i islandsk finanssektor som gjekk med gevinst. I 2009 mottok Halla Tómasdóttir og Kristín Pétursdóttir utmerkinga Cartier Women's Initiative Award for prosjektet sitt. I 2014 fusjonerte Audur Capital med Virðing.
Tómasdóttir er direktør i , som er ei verdsomspennande, non profit-gruppe av næringslivsleiarar som jobbar for meir menneskefokuserte og klimavennlege forretningsmodellar.
Politikk I 2016 stilte Tómasdóttir til val under , der Guðni Th. Jóhannesson vann. Tómasdóttir fekk den gongen nest flest røyster.
Den 1. juni 2024 vann Tómasdóttir med 34 % av røystene. Nokre av hovudsakene i valkampen hennar var påverknaden sosiale medium har på den mentale helsa til unge menneske, utviklinga av turisme på Island og kva for ei rolle kunstig intelligens skal ha.
Tómasdóttir er den andre kvinnelege islandske presidenten, etter Vigdís Finnbogadóttir.
Privatliv Tómasdóttir er gift med Björn Skulason (f. 1973). Dei har to barn saman.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Halla Tómasdóttir» frå , den 15. mars 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Islandske politikarar Kategori:Islandske presidentar Kategori:Den islandske falkeordenen Kategori:Elefantordenen Kategori:Folk frå Kópavogur