Grethe Fatima Syéd () er ein norsk litteraturvitar, omsetjar og forfattar. Grethe Fatima Syéd har omsett skjønnlitteratur frå engelsk, tatt doktorgrad på Olav Duun, og gjeve ut bøker om Duun og Torborg Nedreaas. Den skjønnlitterære debuten hennar var Eventyr for voksne (2020). I 2019 blei ho for tildelt Klassekampens kulturpris Neshornet.

Liv og virke Syéd blei fødd i Bergen med ei norsk mor og far frå India. Ho var gift med forfattaren Jon Fosse frå 1993 til 2009, og gjekk i denne perioden under namnet Grethe Fosse.

Syéd var i mange år knytt til Universitetet i Bergen, og har seinare arbeidd som frilans-skribent og litteraturformidlar. Ho arbeider også som førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

Virke Syéd er cand. philol. i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen (2001), med hovudoppgåva «Og så veit vi ikkje kva det er!» Dialogisitet i Olav Duuns Samtid.uib.no (Besøkt 27. mai 2018) Ho tok doktorgraden på tekstene til Olav Duun ved Universitetet i Bergen i 2012.vidarforlaget.no (Besøkt 27. mai 2018) Doktoravhandlinga hadde tittelen Nådeløs omsorg. Kjærlighet, selvmord, kunst og overskridelse i Olav Duuns fiksjonsverden.

I perioden 2018–2023 var Syéd redaktør for sine Duun-utgjevingar.

Syéd er styreleiar i Torborg Nedreaas-selskapet og styremedlem i Olav Duun-ringen og Tekstalliansen. Saman med Kjersti Sandvik står ho bak den litterære podcasten Det store i det små. Ho har skrive artiklar i , , , Vinduet, , Replikk, og Lyrikkmagasin om forfattarar som Olav Duun, Torborg Nedreaas, Tomas Espedal, Hanne Ørstavik, Agnar Mykle, Georges Bataille, Stig Sæterbakken, Gertrude Stein og Ernest Hemingway.

Bibliografi 2015: Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter. Vidarforlaget 2018: og Grethe Fatima Syéd: Et liv i etableringsfasen. Del I: 1963–2008. Vidarforlaget 2019: En sommer med Nedreaas (biografi), Solum Bokvennen 2020: Eventyr for voksne (roman), Solum Bokvennen 2021: Hva snakker vi om når vi snakker om abort? (debattbok), Solum Bokvennen – saman med 2023: Du kan ikke lage en potet. Essays og artikler om litteratur og samfunn (essaysamling), Solum Bokvennen 2024: Og så vi med våre mangonyrer (diktsamling), Solum Bokvennen

Omsetjingar Som Grethe Fatima Syéd 2016: Roald Dahl: Vemmelege vers, Bokvennen 2017: Gertrude Stein: Kva er engelsk litteratur og andre foredrag, Bokvennen 2024: Jean Rhys: God morgon, midnatt, Solum Bokvennen

Som Grethe Fosse 1994: Henry James: Daisy Miller (roman), Bokvennen 1995: Dikt av , Samuel Beckett, Seamus Heaney, , William Carlos Williams og i antologien Poetisk modernisme, Samlaget 1995: Gertrude Stein: Ida, Samlaget 1996: Seamus Heaney: Sansen for plassen og andre essays, Solum 1996: : Ei bølgje og andre dikt, Solum 1997: : Den tredje politimannen (roman), Solum 1997: : Midtsommars is. Dikt i utval, Solum 1998: Dikt av Lisa Jarnot i (3-4/1998) 1998: : Dikt og tekstar. Samlaget 1999: : Lesesperre, Solum 1999: : Signaturar av mangfaldige ting, Solum

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grethe Fatima Syéd» frå , den 17. mars 2025.

Bakgrunnsstoff Fatima Syéd, Grethe; solumbokvennen.no Grethe Fatima Syéd; Forfatterkatalogen, Norsk Forfattersentrum

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Førsteamanuensar ved Høgskulen på Vestlandet Kategori:Nordmenn av indisk opphav Kategori:Folk frå Bergen