Albstadt er ein by og ein kommune i Zollernalbkreis, sør i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland. Kommunen dekker 134,4 km² og har ikring 47 000 ibuarar. Byen ligg 731 meter over havet på Schwabisk Alb, om lag 85 km sør for Stuttgart og om lag 60 km nord for Bodensjøen.
Tekstilindustri var dominerande næring i Albstadt til 1970-åra. I den seinare tid er verkty- og elektronikk-industri like viktige.
Forbundskanslaren Kurt Georg Kiesinger var frå Albstadt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Albstadt» frå , den 18. mars 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Baden-Württemberg