Andernach er ein by og ein kommune i Landkreis Mayen-Koblenz nord i forbundsstaten Rheinland-Pfalz i Tyskland. Kommunen har 30 000 ibuarar og eit flatemål på 53,3 km².
Byen, som ligg 21 kilometer nord for Koblenz, er ein av dei eldste byane i Tyskland. Han var grunnlagt i romartida og feira 2 000-årsjubileum i 1988. Næringslivet vart industrialisert med framstelling av blekk, lækjemidlar og kjemikaliar i nytida, men har grunna si historiske betydning og plassering ved Rhinen framleis ein heil del turisme.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Andernach» frå , den 23. mars 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Rheinland-Pfalz