St. Blasius var ein biskop i Sebasteia i Kappadokia i dåtidas Armenia, i dag Sivas i tyrkisk Anatolia. Han skal ha blir fengsla og halshogd for den kristne trua si i år 316. Han blir feira den 3. februar og på denne dagen har ein halde såkalla blåsmesser. I Noreg vart blåsmesse knytt til vêret. Dersom det bles denne dagen skulle det bli vindfullt resten året. Blåsmesse er markert på primstaven, ofte med ein bispestav og nokre gonger med eit skip.

Kjelder

Kategori:Armenske helgenar Kategori:Katolske biskopar Kategori:Fødde på 200-talet Kategori:Dei fjorten naudhjelparane