Angélique Arnaud () var ein fransk romanforfattar og feministisk skribent.
Liv og virke Arnaud var fødd i Gannat sentralt i Frankrike. Etter at ho kom til Paris involverte ho seg i feministiske sirklar kring Henri de Saint-Simon. I tillegg til romanane sine skreiv ho artiklar og polemiske pamflettar.'Arnaud, Angélique', in Claire Buck. ed., Bloomsbury Guide to Women's Literature, 1992, p. 292 Ho studerte med François Delsarte, og skreiv ein kritisk studie av han.Nancy Lee Chalfa Ruyter, The cultivation of body and mind in nineteenth-century American Delsartism, 1999, pp. 10-11.
I 1833 byrja ho å skriva artiklar i aviser om liberale og republikanske tema. Løna ho fekk for dette gjorde at ho kunne tilsetja ein lærar for borna sine og slik få tid til å skriva sjølv. Ho forsvarte feminisme, sosialisme og saint-simonianisme.
Dei framstegsretta romanane hennar var svært populære blant kvinnegrupper. George Sand skildra tekstane hennar som kjenslerike og grasiøse.
Ho skreiv for publikasjonar som Le Monde maçonnique, L'Almanach des Femmes, L'Avenir des femmes, Le Droit des femmes, Opinion des femmes, Opinion nationale, La Femme et La Solidarité.og var aktiv i Société pour l'amélioration du sort des femmes.
I desember 1875 blei ho medlemav Société des gens de lettres.
Velde verk
La Comtesse de Sergy, 1838 Clémence, 1841 Une tendre dévote, 1874 La Cousine Adèle, 1879 François Delsarte; Ses découvertes en esthétique, sa science, sa méthode,
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Angélique Arnaud» frå , den 6. mai 2025.
Kategori:Franske feministar Kategori:Franske forfattarar