Slådalsvegen er ein ca. 32 km lang sommaropen veg med grusdekke som fylgjer det gamle setertråkket gjennom Slådalen mellom Lesja i Lesja kommune og Vågåmo i Vågå kommune. Høgaste punkt er 1180 moh. mini|Slådalsvegen med Dovrefjell i bakgrunnen Det er mogleg å bruke Slådalsvegen for å ta seg inn i dei austre delane av Reinheimen nasjonalpark, der ein mellom anna finn ein artsrik og kalkkrevjande fjellflora. Det finst også ei rekkje minne etter villreinfangst i området.

Sommaren 2013 vart Slådalsvegen brukt som omkøyringsveg for bilar opp til 3,5 tonn fordi Europaveg 6 var stengd av eit ras i Rosten mellom Dovre og Otta. I den tida vart det ikkje kravd inn bompengar.

Strekning Frå Lesja tek vegen av frå Fylkesveg 2660 (parallelt med Europaveg 136  langs vestsida av dalen) mot Bøsætre og går sørover over fjellet til han møter Fylkesveg 2632 ved Vågåmo i Vågå kommune.

Vestsidevegen fra Kårbøsætri mot Lesja kyrkje og mot Dombås i Dovre kommune Viflaten bomstasjon og bom for vinterstengning

bom for vinterstengning Botnevegen frå Friksætre til  Fv2632 Gjelet Skogsbygdsvegen fra Svare til Vågåmo, Skårvangsvegen til Skårvangen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Slådalsvegen» frå , den 14. mai 2025.

Bakgrunnsstoff Noorwegen online Verslag/Routes/Slådalsvegen Reinheimen hos Direktoratet for naturforvaltning Slådalsvegen hos VisitNorway

Kategori:Bomvegar i Noreg Kategori:Vegar i Vågå Kategori:Vegar i Lesja